Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Huskrull stikkande fram attum ein Haug, liksom han
helst vilde gøyme seg. Gjenom Regnskodda skimta ein
i Aust og Nord Aasegardane og den kaldkvite Kyrkja.
Det lettna mot Kvelden; i Himilen og Lufti kom ein
staalgraa, kald Klaarleik; kölblaae Skyir laag og dreiv
upp-yvi Have i Vest. Ein sterk Aa-Sus stod gjenom
Lufti.
Enok kjende seg veik; Tanken paa Napolon hadde
fylgt han heile Dagen. Han bad og bad, men utan
Hjelp; Bøni vart kvar Stundi sprengd av framande
Tankar. No laag Napolon i Helvite og brann;
kann-hende bad han Abraham um Lov til aa gange heim att
og vitne for Kjenningane sine; og tenk um han fekk Lov.
Me var so syndetrygge og likesæle, at det kunde nok
turvast. Det var imot Orde; men tenk um han kom
likevel. Um han no med ein Gong stod der i
Kvern-husdøri....
Enok stengde; so kveikte han Ljos i Lykti og freista
aa gjeva seg Gud i Vald. «Aa, berre du vilda vera med
meg! — so var det nok ingin Faare.»
Det var eit stort Kvernhus, skift i tvo med ein Vegg;
i det indre Rome var Tussa, i det ytre Kverni. Enok
heldt seg i det indre. Kvar Gong han skulde ut aat
Kverni, i det kalde mjølkvite Rome med dei rare
Skuggane naar Ljose kom, — var det so det kulsa i han.
Tenk, um det sat ein der no paa Kanten av Mjølkista!
Utanfor gjekk det. Han høyrde tydeleg at det gjekk.
Kven kunde det vera? Han venta og venta; men ingin
kom. So hadde det vel kje vore noko. «Kjære Herre
Gud, ver hjaa meg; vakta meg mot alt vondt» ... Nei,
der gjekk det att. Tydelege, tunge Stig. Han torde kje
anna enn sjaa ut; tok Lykti og glytte paa Ytredøri.
Nei. Der var ingin. Berre Aa-susen stod imot han som
eit Rop, ei gnell, lang Varsling. Han slog Døri att og
35
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>