Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
korleis en Mann saag ut, naar han var komin til Helvite.
For no visste Enok, at det var dit han skulde sjølv.
Gud vilde kje hava’n. Faafengd var Venting og
faa-fengd var Bøn. Inga Hjelp kom; det vart heller verre.
Og kva vilde han anna vente; han hadde gjort den
Syndi som der ikkje er Naade for: «Synden til Døden.»
Det var komi so tydeleg for han ein Dag, at der var kje
Tvil lenger.
Ho Anna hadde spurt han um dei ikkje skulde gange
til Alters snart. «Kunde kje det vera godt for deg no,»
— hadde ho sagt i si gode Meining.
Det kvakk i han. Gange til Alters, naar ein ikkje var
umvend? Eta og drikke seg sjølv til Doms? Kunde
nokon vaage slikt? — Han hadde sagt nei so hardt og
stutt, at ho Anna berre hadde set paa han og tagna.
Men i det same hadde det liksom vorti sagt til han:
det hev du sjølv gjort, Enok ... so mange, mange Gongir.
Daa var det som han stivna der han stod. Det tok
til aa ringje for Øyro hans: «eta og drikke seg sjølv til
Doms; eta og drikka seg sjølv til Doms» ...
Sidan hadde Enok vimra um som i ei Ørske. Korkje
i Bibelen eller nokon Stad kunde han finne noko um,
at der var Naade for dette gaatefulle; men i Salmen
stod der um den som hadde noti Guds Likam uverdeleg:
«Han skyldig er i Jesu Mord;
hans Blod er paa hans Hoved.»
Der var kje Tvil. Der var kje Tvil!
Han gjekk som sjuk. Hadde Kalde-Ridir og
Sveitte-tak; Knei svikta under han; og ein Kveld han stod ned i
Kjellaren og gløymde seg sjølv i Gruvling yvi si blodige
Synd, vart det sagt han so tydeleg som han skulde høyrt
det: «dette er det, som er Bespottelse imot Aanden.»
–Ja, han vilde sjaa han Napolon Storbrekke no.
38
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>