Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Han fekk det som ei Rid; reiv Klædi paa seg og reid
av Garde; ho Anna visste kje kva ho skulde tru. Men
det var daa vel godt, at han kom ut og fekk sjaa Folk.
Til Likferds kom han i siste Liten. Maten var komin
av Borde; berre Klokkaren sat att og aat; han var
nettupp komin. Gamle-Salomon, Far til Like, gjekk uppaat
han stundom og bad han forsyne seg. Der var inginting
aa sjaa paa Salomon; han var den han hadde vori.
Stakkars gamle Uvyrda; naar ikkje dette ein Gong
kunde vekkje han ...
Elles var det stilt i Stogo. Kyrkjestilt. Alle Hovud
var bøygde i tunge Tankar; ender og daa steig ein Sukk.
Ein tung, kvævin Daam stod gjenom Huse, Matlukt,
Liklukt, Eim av brent Lakk. Spegilen og alt som kunde
blenkje var paa vanleg Vis umbundi med kvit Duk; yvi
Dukane Kransar av Mellebærlauv. Stoguklokka var
stansa. Kona hans Napolon sat med nokre Kvinfolk uti
Stogukammerse; Enok tottest stundom høyre Graat
der-ifraa. Han hadde funni seg ein Sess ved den nedre
Bordenden; der sat han med Hovude mot Handi og
stirde. Dei vilde hava han uppaat Borde og gjeva han
Mat, men han neita stutt. Mat vilde han ikkje hava, og
her vilde han sitja. Um han kannhende ikkje var frisk?
— «Nei.» — «Nei du ser puskin ut, Enok!»
— Klokkaren var ferdug. Ein Mann kom inn med tvo
Skamlar, som han sette paa Golve noko ifraa
kvarandre ; yvi Skamlane vart breidt eit Lakan. Enok kjende
seg tyngd og rædd; det susa for Øyro, og han saag
svarte Flekkir. Ut i Bui høyrdest døyvt Staak; so tunge,
ustøde Stig; — no kom dei med ’n.
Den lange svarte Kista vart innböri av seks Mann og
sett paa Skamlane som paa eit Fotstykke.
Loke vart avlyft. Eit Kvinnfolk tok Lik-Klæde burt
fraa Andlit og Hendar. Fleine vaaga seg burtaat Kista;
39
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>