Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
der høyrdest Mulling og Sukkar. Enok torde kje
sjaa dit.
Var her Svaavel-Lukt ? — Det svimra for han. Han
trudde det maatte slaa Logar upp um Like, smaae gule
Kvervlar um Andlit og Haar... Han visste kje rett av,
so var Augo hans burtved Kista. — Der laag Napolon.
Han saag ut som andre Lik. Innfallin og avfallin,
urimeleg lang; Handledine smale som Pipestylkir.
And-lite blaaflekkut, den store Nasen større end fyrr, men
sterkt bøygd. I Andlite var korkje Rædsle eller Ro; der
var inginting; han saag styvin ut. Taapin, tankelaus;
laag der som inginting var. Enok lyfte paa seg og vilde
sjaa betre etter. Men i det same vart Like yvibreidt og
Loke paasett. Godt at dei daude ikkje kunde skrike ...
Handfast diina Hamarslagi gjenom Huse med sin
serskilde, tunge Ljod. Tvo brennande Ljos vart sette paa
Kista. Klokkaren, ein ung, strak Kar i Ridestyvlar og
lang Overfrakk stelte seg upp ved Hovude av Like med
Hatten i den eine Handi og Salmeboki i den andre; han
var stram og høgtidsam. «I Jesu Namn.»
So kom denne kjende Helgamess-Salmen, som vart
brüka i Likferdir so ofte, av di han var so ven. Tonen
og var forunderleg: sorgsam og klagande, men endaa so
mild; trøysterik og trygg, søkjande Gud i Bøn; full av
hugmjuk Tillit.
«O kjære Sjæl, frygt aldrig mer,
om alting surt i Verden ser,
og Herrens store Domme
for Syndens Skyld vil falde ind ...»
Ute braka det og blés. Mot Vindaugo slog lange
tunge Regndropar mengde med Hagl. Himilen myrkna,
so det vart skumt; Ljosi paa Kisteloke brann gulbleikt
og daulegt. •
40
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>