Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
«Jeg gruer ei, om end jeg saa,
al Verden skulde undergaa,
og ei om Himlens Vrede
i Luft og Hav og Jorden skjød
Fordærveiser og giftig Død;
min Jesus skal dog lede
mig ud og for mig bede.»
Seint og høgtidsamt drog Salmen seg fram i sin mjuke,
æoliske Tonegang, og kvart Vers vart mildare, venare,
meir og meir fullt av Von, til dess alt samla seg i
dragande Himildraum.
«Min Sjæl alt fuld af Længsel er
og længes, mens jeg lever her,
o Jesus, til den Glæde,
hvor alle Helg’ner tjene dig
udi dit søde Himmerig;
o, naar vil du tilstede
mig didhen op at træde?»
Det høyrdest som ei Stynjing ved den nedre
Bordenden; mange saag paa han Enok Hove; han var so
kvit. Og det svarte Haare hans klabba seg sveitt og
vaatt framyvi Panna.
— Ljosi vart burttekne. Seks Mann tok Kista.
Klokkaren sette Hatten paa Hovude og skreid syngjande ut
gjenom Døri. Kista vart bori etter; so kom
Likferds-folke smaatt i Senn.
Enok sat still og gøymde Andlite i Hendane til dess
alle var ute. Dei milde Himiltankane og den vonsæle
Bøni hadde gjengi han so til Hjarta at han grét.
Burt gjenom Bakkane snigla Likferdi seg lang og
svart i det tunge Vere; Klokkaren fyri paa sin blakke
Hest. Den gnelle Tenoren hans blanda seg skjerande i
Vinden, som bar Gravsalmetonane sundrivne og
sorgtunge ut yvi Myrar og Heiar.
41
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>