Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Og det gav seg til aa stridregne. —
— Det hadde vorti Kveld.
Vinden fossa tungt um Növine, i stigande og fallande
Sjoing som Sjøen um ein Skipsbaug. Og det dunka og
braka i Veggir og Raust.
«Ja no er det nok Vinteren som bryt inn,» meinte
ho Anna.
Dei var innkomne or Fjose og hadde silt og stelt; no
sat dei ved Kola og spann, baade Kona og Gjenta. Men
Köla blakra og blekkte som ho kunde gaa ut.
«I Kveld er det godt aa vera paa Land jordi,» sa ho
Marta.
«Ja det vilde kje vera fyse aa ha nokon paa Sjøen
i Kveld.»
Ho Serina, eit ljost, vent Gjentebarn paa aatte Aar,
sat paa ein Skammel attmed Mor si og kara; Anna og
Rakel, dei tvo minste, laag paa Golve og krabba med
sine rolege Barnespel. Men han Gunnar sat tett
innunder Köla og smidde paa noko som skulde verte
Karjolsæte.
«Hyss, der kjem han Far,» sa han.
«Han gjer visst det,» svara Anna letta. «Det var kje
for tidleg1. Du fær gaa ut og sjaa um Grauten no.»
«Eg fær vel det,» sa Marta.
«Og so segjer du meg til, naar Eplegryta er ferdug.»
«Ja.» Marta sette Rokken fraa seg og rusla aat
Kjøken.
Smaagjentune stiltra seg etter. Dei var som rædde
Far sin i seinare Tid. Stakkars Enok. Gud gjeve han
hadde fengi snakka med Presten i Dag.’ Skulde det
halde paa lengi som det hadde vori no eit Bil, kunde det
snart gaa gali med han.
Köla: Tranlampe.
Smide: gjera Smedarbeid; arbeide med Kniv.
42
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>