- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
43

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Gangdøri gjekk upp; Yling og Smelling gjenom heile
Huse. Snart steig Enok inn. Tungt og seint; men
rolegt. Gudskjelov; det var visst likare i Kveld. Han
hadde vel raaka Presten. «Naa; du vart lengi,» sa ho.

Han svara kje større. Gjekk burt aat Borde og sette
seg; var vel trøytt. «Svært so stormande han er med
Vére,» prøvde ho Anna. — «Guds Vreide...» sagde
han. So vart han sitjande der, still og fortenkt, reint
som burtdrøymd. Gud hjelpe oss; det saag kje rart ut
enno. Tru ho skulde vaage seg til aa segja noko?

Fyrr ho kom seg til med det, reiste han seg og tok
til aa skifte Klæde. Men daa Ytreplaggi og Styvlane
var av, viste det seg at han vilde leggje seg. Det var
eit godt Merke; Anna roa seg att. Gjev han no berre
fekk sova.

«Vreden din afvend, Herre Gud af Naade!» — sette
han i so ho reint kvakk. Men so hadde han seg uppi
Sengi. Som vanleg naar han vilde sova, drog han Dyna
yvi Hovude; men ho høyrde at han ynka seg og sukka
svært tungt. Ho vaaga seg burt og spurde um det var
noko; spurde ein Gong til, heller høgt. — «Ikkje paa
Likamen,» mulla det under Dyna. Ho sette seg att;
det vart stillare med han.

Marta kom med Bod at Epli var ferduge; og Anna
maatte aat Kjøken. Gunnar tok ho med; han var so
glup til aa flysja.

— Men Enok laag og vreid seg under Dyna og hadde
vondt i Sjæli.

Han hadde tala med Presten, og det hadde hjelpt for
ei Stund. Men paa Heimvegen hadde det vorti verre att.
«Han skyldig er i Jesu Mord; hans Blod er paa hans
Hoved...» Der var noko med den Syndi til Dauden,
som dei ikkje hadde fullt klaart. Dette Orde: «den skal

Eple (Jordeple): Potetur; flysja: «skrælle».

43

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0045.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free