- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
44

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

aldrig forlades — hverken i denne Verden eller i den
tilkomande,» det var eit Ord, som der maatte vera ei
reint serskild Meining med. Presten forklaara det nok
paa sin Maate; men —. Dessutan, kva Sæt var der
paa ein Prest som berre tala av Lærdomen, men ikkje
av Anden.

Angesten kom i Ridir so harde at han sveita. Den
som kunde røme, gøyme seg! «Bjerge, falder over os,
og Høie, skjuler os! — for Lammet og hans Vrede!» —
Men rundt um var Gud; og kor ein kom var Gud;
stengt, stengt til alle Kantar av Gud; um ein kunde
fara so snøgt som ein Tanke og gøyme seg ved Enden
av Verdi; ja um ein vilde røme aat hi Verdi; um ein

vilde reide si Seng i det utarste Helvite,–Gud var

der, Gud var der; ingin Utveg, ingin einaste trygg
Flekk. Napolon laag kje trongare i Kista si enn Enok
her; han hivde og kasta seg og totte stundom han
maatte kovne.

Av djupaste Naud ropa han til Gud: um der ikkje
endaa kunde vera ei Redning for han? Um ikkje Jesus
vilde forbarme seg og gaa i Bøn for han? Han skulde
kje beda um aa koma i Himilen. Han venta seg kje
Plass i Guds Helgenflokk; berre han fekk staa nedmed
Døri ein Stad; berre han fekk gøyme seg burt i ei Kraa,
der han var trygg; ja berre Gud vilde taka Blodskuldi
fraa han, lette han for denne svære Syndetyngdi, gjeva’n
Ro i hans Sjæl og taka burt Angesten, — so fekk han
sidan gjera med han kva han vilde. Han skulde vera
fornøgd med alt. Men hjelp meg, hjelp meg; lat meg
kje gaa under; Herre frels meg; eg forgaar! —

–Det vart so forunderlegt for han; um han var i

Likamen eller utanfor Likamen, det visste han ikje;
men vakin var han. Og han saag — saag....

Himilen var svart som Jord. Djupt der nede susa

44

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0046.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free