Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Have. Alle Skip og Farty vart kasta i Land og
sundslegne. Leviatan tumla seg som ein stor Kval, og det
stod Eld av Augo hans, og Røyk or Gape. Og ei
Røyst utanum og attanum Verdi sagde: «Det er
full-bragt.»
Daa slo ein svær, tung Eldsloge ut av Himilen i Nord.
Og Have koka upp i gul Foss med eit Brak som av
mange Tordøn. Han var rædd og snudde seg burt; daa
slo det Logar ut i Austhimilen og i Fjelli. Vaadalskula
brann; Skarefjelle brann; Fjell etter Fjell tok Eld og
sprang sund, og ut av botnlause Rivur og Hol slo digre
gule Logar. Endaa ein Gong snudde han seg burt; daa
saag han med vitlaus Rædsle, at det stod Røyk av Have.
Ein tett svart Røyk som naar Raa-Lyng brenn. So slo
det ut i ein forfælande Loge, som velte seg mot Skyine
som eit ut-rullande Segl. I same Stundi rivna Himilen.
Og Jordi vart burte under Føtane hans; men Logane
slo ihop yvi han fraa alle Leidir...
Han seig ihop i Inkjevetta og gav eit langt, langt
Skrik. Gjenom Eldhave kom Djevelen symjande som
ein brun Kval og gapte, gapte. Daa fekk Enok Magt til
aa rope paa Jesus. Og i det same hadde han Tak i ei
Hand. Det var liksom berre ei Hand. Men i den Handi
var der eit Gap som etter ein Nagle. —
— Ute i Kjøken høyrde ho Anna eit Skrik so fælt, at
kvar Blodsdrope rann i henne ... Og Knéi vart so veike
at ho vilde sige ned. Fleire Rop kom; ho vann seg yvi
og kava seg inn; — endaa laag han under Dyna og
stunde. Han maatte ha havt ein skræmeleg Draum.
Men no var det som det stilna av att. Ho stod yvi
Sengi stiv og rædd; fekk kje upp Mæle; lydde lengi; so
forstod ho, at han hadde roa seg til. Ho gjekk ut att.
Marta og dei smaae hadde klyngt seg ihop i Stogudøri.
«Er han Far sjuk?» spurde Gunnar. — «Eg trur kje det
45
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>