- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
46

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

var noko... med Guds Hjelp.» — Dei gjekk aat Kjøken
att, men lét Døri stande. Ho Anna fekk ei Skjelte-Rid
og maatte setja seg.

Enok laag inne og fekk Naade til aa beda. Han bad
paa ein annan Maate end fyrr. Og han fylltest av ei
Von sterkare enn all Djevelens Magt; for no hadde han
sét Naglegape.

Endeleg hadde Gud forbarma seg. No hadde han
fengi Svar! — eit Teikn so visst, at han aldri turvte
tvila. Ein uendeleg Fred strøymde inn i hans pinte
Bryst. Heile Hugen glødde i Bøn; alt, som i han var,
loga i Bøn; Synd, Angest, Tvil, Naud braana og brann
upp i denne Straumen av Eld; han bad kje med Ord;
han bad med sjølve sitt Hjarta.

Anden var det som bad i han no. Bøne-Anden, som
Gud sende; og det var ljost i han, og reint, og Hjarta
hans mjukna og tinte. Han skaptest um, føddest um;
Djevelen slepte Tak etter Tak; Syndi tærdest burt
Flekk etter Flekk; den gamle Adam dovna og døydde.
Forunderleg godt og trygt fekk han halde fast i den
Frelsarhandi som han enno tottest s jaa; og fraa
Naglegape strøymde det inn i hans letnande Hjarta eit Hav,
eit Djup av Kjærleik og Utsoning.

Daa han slutta denne si sæle Bøn, den fyrste rette
Bøni han nokon Gong hadde bedi, — daa vart det sagt
i han so visst og fast som berre ein kann segja eit
slikt Ord:

«Vær frimodig, min Søn, dine Synder ere dig
forladte.»

Enok stod upp.

Det var fullbragt. I ein Augenblink so lang som eit
heilt Liv var det hendt; det store Under var hendt: han
var umvend.

Fortumla og ør, men so glad som han aldri hadde

46

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0048.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free