Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
tenkt han kunde bli, la han seg’ paa Kne ved Kola og
song. Det var Brorsons Jubelsalme:
«Nu har jeg fundet det, jeg grunder
mit Salighedens Anker paa ...»
— Ho Anna stirde halvrædd paa Mannen sin. Han
var svært bleik, og Andlite hadde noko ho ikkje rett
vilde kjennast ved, — ein underleg stiv, liksom
burt-rykt Smil; men paa Augo og Kinnar viste det seg at
han hadde graati.
VII.
Aldri hadde han trutt at Live i Gud var so sælt, ikkje
um heile Verdi hadde sagt det.
Han hadde lesi um Freden som gjekk yvi all
Forstand ; men det hadde for honom vori Ord utan Meining.
Aa vera vakt, det hadde han helst tenkt var eit Stræv,
ein lagde paa seg til aa sleppe Helvite; den Gleda dei
snakka um, denne Vissa og himilske Kvila, det maatte
meir vera som ein Draum, noko dei fekk seg til aa tru,
liksom til Trøyst for alt det gode dei laut gjeva upp
her i Verdi.
Aa, at han ikkje hadde havt betre Vit. Aa, at han
hadde kunna vera so vond med seg sjølv; at han hadde
stengt seg ute i so lang ei Tid fraa denne forunderlege
Sæla!
— No fekk han kjenne og sjaa. Det han ikkje hadde
trutt, det fekk han sjølv røyne.
Det var større Ting enn han hadde høyrt av nokon
Munn eller lesi i nokor Bok; det var det som ikkje lét
seg utsegja. Han var alt i Himilen; v a r frelst. All
hans Synd var kasta i Have. Aldri skulde ho koma for
Dag’en meir. Han var som den kvite Ull og den
47
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>