- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
48

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

skinande Snø; Jesu Reinleike var hans; Djevelen
kunde kje røre han med ein Finger. Og det fylgde ei
Glede med, ein Lyst og ein Jubel og ein unemneleg
Trygd; inkje noko i Verdi var so trygt som dette. Alt
anna kunde ljuge; alt anna kunde vera Draum; men i
dette var der korkje Draum eller Lygn; det var livande
Liv; det var Ja og Amen.

Her stod han sjølv eit nytt Menneskje, umskapt ved
Guds Almagt mot sin eigin Forstand. Det som fyrr var
hans Lyst, baud han no imot; det som fyrr syntest
Daarskap, var no hans Liv; og i Staden for den Otten og
Ufreden, han med si eigi Magt aldri hadde raadt med,
kjende han heile Hjarta sitt fullt av Ljos, Varme, Glede,
Kjærleik, Kraft; og kor skulde alt dette vera komi fraa,
daa han sjølv ikkje ein Gong kunde ha tenkt det, ja
ikkje forstod det enno!

Aa Glede yvi Glede; aa himilske Ljos og Trygd! —
gjenom Sjæli hans gjekk det som Lovsongar. Aa du
Daude, kor er Odden din no? Du arme Djevel, kor er
no ditt Mod? Du hev nok funni den som kann
taum-køyre deg no? — Ja no kann du liggje der og vride
deg, du gamle Eiterorm!

Ein brennande Hug til Orde og Bøni fyllte han; aldri
kunde han bli trøytt av aa umgangast Gud; Bøni var
hans Andedraat og Orde hans Mat; hans Mat og Drykk
og Leik og Lyst; hans Lengt og stendige Traadom. I
Orde var Livsens Ande og Guds Munns Kyss; der fann
Sjæli sin Brudgom i Kjærleiks Eld; dei tvo heldt
Bryllaup der og vart eitt i brennande Umarming.

Fyrr var han utanfyri, naar Velsigningi vart lyst;
naar Herren tala til sine var det aldri til han Enok. No
skulde han kje lenger staa utanfyri. No høyrde han til
Guds Flokk og kunde taka Orde til seg som dei andre.
Alt det fagre og ljose, alt det høge og herlege, alle dei

48

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0050.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free