- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
49

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

store Signingar og alle søte Kjærleiksord, det var alt
til honom. Men Domar og Vaabønir stod han utanfyri
no. Han var kje under Vaabøni lenger, men under
Naaden; aa Jubel; aa Triumf! Og kor vilde kje Orde
meir og meir opne seg for han i alle sine Søtleikar og
Rikdomar, i alle sine sæle Gaatur og all sin løynde
Glans! Han vilde faa symja i Ljos og Liv, kjæte seg i
Varme og Sol, svelja og svarme i Guds gode Ting; og
han vilde finne Raadir og Hjelp i alle Mot, Trøyst i all
Sorg, Lækjedom mot alle Mein, Upplysning i all Tvil,
Bot mot all Brest, Kvild for alt Kav, Livd mot alle
Stormar. Guds Ord var hans Heim, hans Bu og hans
Borg, hans Tempel og Tun, hans Lysthus og Paradis.
Men naar dei vonde Dagane kom og Sattan sette inn,
daa vilde Orde vera hans Vaapenbu og Festning. Der
vilde han finne baade Sverd og Skjold, baade Boge og
Pil, og Styrken med; men fyrst og sist vilde han finne
det som heldt naar alt glapp: den sterke Handi med
Naglegape.

Og slik ein barnsleg Hug han hadde fengi til aa gjera
Guds Vilje! Det hadde vorti hans Liv no; han kunde
kje trivast utan det. Han fortente kje noko med det,
men likevel —; um han so skulde koma til Helvite for
det, han vilde gjera Guds Vilje endaa. I smaatt som i
stort; i kvar ringaste Ting. Han tenkte kje paa anna
no enn aa finne ut kva han Far der uppe helst
kunde vilja.

Han stod upp um Morgonen Klokka fem; me skulde
kje leta oss og kjæle for Kjøte. Gunnar au maatte upp,
med alt det han grét og ille lét, og endaa Mor hans bad
for han; ingi Avgudsdyrking no; og ingi Kjæling og
Bløyting! — Men Serina hadde fengi Kregda, so ho
slapp; alltid skulde det ganga so godt for henne. So

Kregda: Krilla (Meslinger).

4 — Garborg IV.

49

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0051.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free