Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
vart Dagen vigd med Song og Bøn. Drengen og Gjenta
laut og vera med; Enok var Husfar og andsvarleg for
deim alle. Men han fekk deim kje til aa leggje seg paa
Kne. Ho Anna slapp au; ho var so langt paa Vegen
med det femte. Men Gunnar maatte til, endaa han vreid
seg stygt. So las Enok Bøni av den «aandelige Kjæde».
Etter Bøni fekk dei seg Mat. Og ved Matborde skulde
det vera stilt; me skulde hava Vyrdnad for Gud og
Gaavune hans. Og me skulde tenkje paa, at Gud sjølv
var tilstades, so me ikkje vanhelga Maaltidi hans med
Tøv og Tattl. Fyri og etter Maten Bøn og eit Salmevers.
So gjekk Enok til Arbeide sitt full av Annhug og
Glede.
Arbeide hadde vorti som nytt for han no. Det var
kje lenger Trældom og Slit og Sut for Mammon; det var
Gudsteneste.
For Livsens Naudturft vilde Herren syte. Ikkje for
den Skuld arbeidde me. Me arbeidde fordi Gud vilde at
me skulde arbeide.
Ein herleg Tanke var dette: at me i sjølve vaart
Kvardagsstræv kunde dyrke Gud. Enok var Guds Tenar,
um han so stod i Mykdungen. Det ringaste Arbeide var
likso heilagt som Bøn og Song; Gud hadde fyrisett oss
det; det var hans Arbeid. Og no tvila kje Enok um
Signingi lenger; skulde kje Gud vilja signe sitt eigi
Verk?
Ein Morgen gjekk han rundt i Løu og Fjos, i Kjellar
og paa Loft og all Stad, og heldt for seg sjølv ei
serskild Høgtid.
Aandi hadde lært han clcl SJclcL, at det var ikkje hans,
det som var her; Eigaren var han Far i Himilen. Og
han sagde fraa seg i sitt Hjarta Eigedomen til alt.
«Deg, Herre, høyrer Jorden til, og all dens Fylde!»
Tattl: Tull; «Vrøvl». — Annhug: «Iver».
50
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>