Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Sjølv var han berre Brukar, Laanar, Stjornar; og han
bad um Naade til aa faa vera ein trugin Stjornar. «Lat
Sattan aldri faa forføre meg, so eg segjer noko av dette
aa vera mitt eige; lat meg bruka det alt etter din Vilje
og til di Ære, so at du ein Gong kann segja til meg:
’Du gode og trugne Tenar, du hev vori tro over lidet;
eg vil sætte deg over meget; gak ind til din Herres
Glæde!’»
Men enno var han kje ferdug. Det sværaste var att.
Stod der kje at me skulde forsaka «alt det som var oss
kjært i Verdi», so Guds Vilje kunde hava Framgang
i oss?
Han sagde fraa seg Kone, Born, Skyldfolk, Vénir;
ingin annan Kjærleik vilde han hava til deim enn den
som Jesus kravde: den aandelege Kjærleiken, som berre
tenkte paa aa frelse Sjæline.
So randsaka han seg sjølv og sitt Hus, kva meir der
kunde vera aa ofre.
Han fann Töbakkje; det kasta han paa Elden. Men
der maatte vera meir.
Han forsvor alle Gjestebod og all Moro; aldri vilde
han smaka ein Dram, aldri høyre Felelaat, aldri tala
med Folk utan um Aalvors Ting, og aldri lesa
verdslege Bøkar.
Forteljingar og Skildringar fraa Ferdir og framande
Land, det hadde fyrr vori hans beste Tidtrøyt. Baade
Kveldar og Sundagar hadde han siti med slikt Vas, og
Djevelen hadde havt ei god Hjelp i denne Lestren til aa
halde han burte fraa Herren. Han granska Bokhylla si
og fann tvo Bøkar fraa si Skulemeistartid, som skulde
paa Elden: «Erindringar fra en Reise i Sibirien», og
«Snorre Sturlesøns norske Kongers Sagaer». So fann
han «Gjest Baardsøns Levnetsbeskrivelse»; ja; den
handla um ein Syndar som var komin til Ettertanke;
51
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>