- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
52

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

den fekk han vel spara. Ein Aargang av «Almuvennen»;
paa Elden med den. «Skillings-Magazin» ... den høyrde
Boksamlingi til, og skulde dit inn att, so snart det vart
Preike. Sistpaa fann han nokre Avisblad fraa seinare
Tid; dei sende han til han Per der nord med den
Fraa-segni, at han vilde kje hava Bladi lenger.

Bøkane bar han aat Kjøken og vilde leggje dei paa
Skorsteinen. Anna kvakk; «vil du brenna dei dyre
Bøkane?» — ho hadde sét paa Mannen sin med
halv-rædde Augo i heile Dag. Daa var det som han
um-raadde seg. Det vart til det at han gjekk paa Lofte
med Bøkane og hivde dei ned-i Rapekista.

Paa Lofte hekk nokre gamle Skinnklæde som han
fekk Auga paa; daa vakna ein ny Tanke i han.

Han saag nedetter seg; desse Klædi han gjekk i, dei
var mest nye. Alltid hadde han havt det med det;
innbilte seg, at han var ein berleg Kar; vilde gjerne gange
hamslegt klædd, s jaa godt ut; — Øienlyst, Faafengd,
den gamle Adam. Burt med slikt Fjas og syndig Lyst.
Han skifte paa seg Skinnklædi.

Brøkane var uppkröpne og stutte med store
Kroke-kne; Kufta for lita og bøtt og skral; men det skulde
kannhende ikkje vera godt nok aat denne Syndelikam?
Ei lita rund Skinnluve med Skyggje og svart
Saud-skinnskant fann han og sette paa Hovude. Ned i
Gangen stod eit Par Tresko; dei kunde kje heller freiste til
Faafengd, tenkte han. Og han bytte dei paa seg.

Daa kjende han seg so god og glad. I desse Klædi
var han liksom endaa meir trygg mot Sattans Aalaup.

Ho Anna kom or Kjøken i det same; kvakk so ho
kvitna; kva var dette for ein Fant? — So var det han
Enok. «Men i Jøssu Nam, kva er det, du finn paa?!»
— «Du skal ikke tage Herrens din Guds Navn
forfængelig,» sa han.

52

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0054.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free