Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
«Du vil vel kje gaa ut i den Bunaden der?» — «Veit
du kje at Gud gjorde Adam og hans Hustru Kjortler av
Skinn og iførte dem? — so er vel Skinn godt nok aat
oss au, tenkjer eg.» Han klakka i Veg paa sine
Treskor, og det frasa og skraava i dei gamle Skinnbrøkane.
Var han galin ?–
— Heile Huse vart umstelt. Anna maatte gjeva etter,
Stig for Stig1. Kvart Paafynster han kom med var
«Guds Vilje»; og til alle Motlegg svara han med
Bibel-spraak. Det hadde alltid fylgt Age med han Enok; men
no vart det meir: det vart Rædsle. Ho kunde kje hjelpe
det; ho var rædd han. Han var som forgjord. Det han
sagde kom som or ei onnor Verd; vanleg Tale og Manns
Meining kunde kje naa han lenger. Og* under hans
kvite Augo og stive kalde Andlit vart ho som klumsa,
magtlaus og raadlaus som ho skulde tala til ein Vegg.
Stundom gav ho seg yvi og grét; men Graat beit kje
paa han meir enn Grunnar.
«Denne Graaten din,» sa han, «viser nettupp at Gud
vil det so. Naar Gud vil noko, so græt alltid Kjøte.
Kjødets Sans er Fiendskap mot Gud. ’Aanden begjærer
imot Kjødet og Kjødet imot Aanden’.»
Han blanda seg inn i dei argaste Smaating. For Gud
galdt kje vaart «stort» og «smaatt»; alt var smaatt for
honom; og alt kunde vera stort; han spurde berre etter
Hjarta vaart, han; «skikker eder ikkje lige med denne
Verden». Og i Striden mot Djevelen galdt det kje minst
aa gjeva Agt paa dei «smaae Ting».
Alt skulde gange ut paa aa «fornegte oss sjølve».
«Kortfæste Kjødet med Lyster og Begjæringar.» Agte
oss for «Fraadseri og Drukkenskap»; segja fraa oss alt
som høyrde til «Øienslyst, Kjødslyst og eit hoffærdigt
Levnet». Aldri gjøde oss med feit eller sterk Mat, og
ikkje eggje Gomane vaare med mange Slag eller med
53
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>