Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
kunstig Tillaging. Det skrinnaste og magraste som Gud
gav var endaa for godt aat denne Ormeposen vaar,
dette Syndebøle, som me kalla Kroppen. Helse og
Kraft vilde Gud gjeva oss naar me bad; me skulde kje
ha Magti i Matfate liksom Grisen. Varm Mat skulde
det vera ein Gong um Dagen, men um Sundagen ingin
Gong; det skulde vera Kviledag daa, i Kjøken som i
Stogo.
Og so skulde me vera nøgde med det som Gud gav
oss. Det som vaks paa vaar eigin Grunn skulde vera
oss baade nok og godt nok. Aldri kjæle for Kjøte med
Kaupemat. Og denne Kaffidrikkingi som Folk tok til
med i seinare Tid, den skulde me serleg halde oss ifraa.
Hadde det vori Guds Vilje at me skulde drikke Kaffi, so
hadde han lati Kaffien vekse i vaart eigi Land.
I Klæde og Husbunad skulde me briika same Maaten.
Kaupety var Faafengd og Augnelyst. Likso gali var det
aa setja Fargar paa Ty eller Ting; dei Li tine Gud hadde
sett skulde vera oss vene nok, og me skulde kje vilja
rette paa hans Arbeid. Vilde me kje gange kvitklædde,
so kunde me halde svarte Sauir og veva Ty av den
Ulli som dei gav. Og elles kunde me gange i Skinn,
som var den Bunaden Gud serleg hadde gjort aat oss.
I Husi skulde me halde Orden og god Skikk; Gud var
ein Ordens Gud og lika kje Sumling. Mat millom Maali
vilde han kje vita av; Borni skulde kje heller eta til
andre Tidir enn dei vanlege. Dei skulde hava Vyrdnad
for Guds Gaavur, dei au. Med Sanning og i alle Maatar
vilde Enok kunna segja som Gideon: «Eg og mit Hus,
me vil tjene Herren!» —
Ho Anna gav upp aa stridast med han. Det kunde
ikkje nytte; den Ridi han no hadde fengi maatte gange
yvi av seg sjølv. Ho fekk heller freiste aa jamne paa
det verste i Løyndom; den fekk bruka Vit som Vite
54
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>