- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
55

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

hadde. Endaa godt, so lengi han ikkje læste ned for
henne og tok Lyklane ...

Det skulde nokon ha sagt henne dette, daa ho flutte
til Hove Gardmannskone i unge Aar! Aa ja, ja; Verdi
hadde nok for oss alle. Berre det ikkje gjekk gali med
Vite hans Enok!

VIII.

Det vart stilt i Huse.

Hans var flutt; ho Marta vilde flytja so snart ho
slapp til; alle gjekk og sturde og tagde. Men Treskorne
hans Enok klakka og banka Huse rundt snart her og
snart der, og det tasla og skraava i Skinnbrøkane hans
som Kviskring i Kræane. Det saag ofte ut som han
gjekk paa Lur; ein visste aldri rett kor ein hadde ’n.

Ute song Nordvesten sin tunge Song. Det braut i
Novine og blistra i Karmane. Lufti var graa av Snø
som dreiv; og Jordi laag frosi og stiv og daud, med
svarte Flekkir og skitne Fennar.

Folk var mest aldri aa sjaa. Det var som dei var
rædde. Ymse Segnir gjekk vel i Bygdine no um han
Enok Ut-Hove. Av Gardsfolk kom der kje andre enn
han Per der nord; han hadde nok og fengi som ein
kvekk i seg av det som hende her i Haust med han
Napolon. Men det dovna snart av att med Heilagdomen
hans Per; og so vart han au burte. Det kunde vera
soleis stundom, at ho Anna var glad berre det kom eit
Legde-Menneskje til Hus, ja um det so var Fantar; det
var daa eit Umskifte. Litegrand Drøs vart det gjerne
au, so vidt ein fekk høyre Manna Maal og ikkje stødt
sat nedtygd av denne Stilla.

Gamle Legde-Guri vart til stor Hjelp; ho hadde og
fengi det godt for seg i seinare Tid og kunde daa røde
med han Enok. Skral var ho, sjukleg og einøygd og

55

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0057.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free