Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
halt; men endaa var der Vit i henne; og mang ei lang
Sküming og mang ein seig Kveld fekk ho til aa gange
i Samtale med han Enok um Blode og dei fem Saari,
eller um Sattan og dei høge Freistingar; stundom
antrast dei au. Det kunde vera vent aa høyre paa
sümetider; og Guri sa Enok Ting, som han kunde hava
godt av, serleg um det at han «brydde seg med for
mange Ting». «Kun ét er fornøden!» — smilte
Legde-Guri.
Ein Hende Gong kunde det koma ein av dei gamle
Hauge-Vénine; daa vart det svært gildt. Dei hadde ein
mildare Maate enn han Enok, og ho meinte han maatte
hava godt av aa røde med deim. Elles kom dei godt til
Lags med han. Han var nok vel strid i sümt, totte dei,
helst i Smaating; Gud kravde kje slikt av oss; og det
kunde føre til Sjølvrettferd og Farisærardom. Men Enok
greidde seg. Det hadde vorti hans Hug no, sagde han,
aa lata Gud raa i alt; og «derpaa skulle vi vide, at vi
kjende Gud, at me holde hans Bud!» Daa sukka dei
gamle og sagde: «du er høgt benaada, Enok. Men du
maa ikkje vera for trygg!»
Ein Laurdagskveld kom Lars Nordbraut fraa Nese.
Daa fekk ho Anna slik ei god Von; kunde den Mannen
faa Tak paa han Enok, so vilde visst mangt besne. For
Lars var upplyst og klok, attaat han var gudeleg. So
var der og slikt eit godt og linnt Lag med han, og han
hadde ei serskild Gaave til aa stelle seg med Folk. Han
og Enok striddest mykje, og tokst heller hardt um
süme Ting, serleg um den «evangeliske Frihed»; Lars
heldt fyri at Enok gjorde Evangelie for mykje til Lov;
og det vilde kje Enok høyre. Men i Grunnen samdest
dei godt. Det var berre ein Ting som galdt for deim
baae: «Jesus Kristus og ham korsfesta.» Og naar ein
samdest um det, kunde ein godt bera yvi med kvarandre
56
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>