Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
i mindre Ting; «hvo som æder, foragte ikke den som
ikke æder,» sagde Paulus. Dei heldt Bøn saman um
Sundags Morgonen; og Anna totte det saag reint
godt ut.
Men endaa vart dei Uvénir fyrr dei skildest.
Enok vilde kje laane Lars Hus til Uppbyggelsar. At
Lars vitna «for sin Bror, naar han møttest med han paa
Vegen», det var rett nok og godt; men tala Guds Ord
i Forsamlingi, det hadde ingin Rett til utan dei som av
Gud var innsette til det. Gud var ein Ordens Gud; han
hadde sett kvar i sitt Kall og vilde at me skulde tena
han der; han brydde seg kje um sjølvbedin Dyrknad.
«Om vi have en Tjeneste, daa lad os tage vare paa
Tjenesten», skreiv Paulus. Striden vart hard; og det
fall djerve Ord. «Du maa kje tru anna,» sa Enok, «enn
at eg au hev vori freista til aa fara um og halda
Uppbyggelsar; Kjøte freista meg sterkt ei Stund; for der
var Æra aa vinna med det, og makelege Dagar» (Lars
kremta og raudna). «Men eg spurde meg fyri i Guds
Ord; og der fekk eg tydeleg Upplysning. Naar du gjer
deg sjølv til Lærar, sa Aandi til meg, so forsømer du
for det fyrste ditt eigi Kall; men du gjer det som verre
er: du lastar Gud. Du segjer liksom til Gud, at han
ikkje hev gjevi oss Lærarar nok, eller gode Lærarar
nok; at han ikkje hev stelt det godt nok aat oss, so at
du tykkjest maatta hjelpa ’n; men det er aandeleg
Hof ferdigheit, Lars, og Synd.» Lars forsvara seg baade
kvast og godt; han hadde Kalle av Aandi, um han ikkje
hadde det ytre; mange var Leigesveinar, um dei aldri
so mykje hadde Kongebrev ... Men Enok gav seg ikkje.
«De Myndigheder, som ere, er forordna av Gud! — Og
me skal kje setja oss imot Guds Forordning, um me
aldri so mykje tykkjest ha «Kall» til det; det Kalle er
kje av Gud; det kann likso godt vera av Kjøte.» Dei
57
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>