- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
58

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

skildest med Bønir til Gud um Upplysning for
kvarandre, og Lars var heller raud i Andlite daa han
gjekk. —

— Dei einaste Dagane ein kunde hava det paa vanleg
Folkevis var naar han Enok var burte.

Ein Dag var han paa Aase i Fatig-Kommissionen; og
endaa Kvinnfolki hadde Klædevask, og endaa Gunnar
maatte liggje i Kjellaren og pila rotne Jordeple, vart det
mest som Høgtid i Huse. God Mat vanka der, og Drøs
og Laatt; men Gunnar pila ei halv Bytte Eple i rivande
Hast og sette seg so til i Kammerse med Karjolen sin,
som han aldri fekk arbeide paa no, siden han Far vart
soleis.

Det var eit raatt, kaldt Vér; Snøen fall blaut og tung,
og Lufti var sur og uhugleg. Ein Kopp Kaffi skulde
smaka godt no; og ho Anna hadde att litegrand fraa
fyrr; det maatte ho daa ha Lov til aa bruka. Elles kom
kje han Enok heim fyrr i Kveld. Og Gjenta var van
med ein Kopp Kaffi paa Vaskedagar. Snart stod Huse
fullt av frisk, god Kaffidaam, og Kvinnfolki var so
blide og glade, at det baade lyste og lo av deim.

Men um det var eit Hende eller det var Fanteskap:
daa Kjelen koka som best, kom han att, han Enok.

Ho høyrde han i Gangen og kvakk so ho fekk vondt.
Kjelen av Kroken og burtunder Benken; Hjarta hamra
og Øyro song.... so gjekk Døri upp; og han Enok
stod der.

–Berre stod der.

Ei fæl Rædsle var det som fylgde han; ho hadde kje
gjort noko vondt, og endaa vart ho som lam; Stiringi
hans kjende ho i Ryggen. Og det vart svart og stilt
ikring henne som fyri eit Uver.

«Er det paa den Maaten du er Mannen underdanig
... ligesom Herren,» kom det seint og kaldt.

58

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0060.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free