- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
59

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Eit innvondt, tungt Sinne koka upp i henne, og ho
fann det ho skulde svara —:

«Det var vel kje Meiningi at eg skulde kasta ut den
Kaffien som var att?» Ho stod med Ryggen til han og
studde seg innaat Benken.

«No skal du kje gjera Hjarta ditt til ei Røvarkula,
Anna. Du visste godt at eg vilde kje dette. Det var
difor du vilde lura deg til med det, naar eg var burte.
Men der er ein som ser alt; og han stelte det so, at eg
kom yvi deg. No kann du lata det vera deg ein Lærdom
til ei annan Gong. Noko Kaffislaberas skal der kje vera
i mitt Hus; og vil du kje sjølv slaa ut dette
Brenn-vatne, so skal eg gjera det.» Han kom nærare.

«Slaa ut — Guds Gaavur!» ho laut setja seg beint
ned. Ho hadde aldri høyrt so fælt. Dei Augo ho sette
paa han var so skræmde, at han vart mest uroleg.

«Hadde det endaa vore Brennevin!» heldt ho fram.
«Men eg hev daa so mange Gongir havt godt av ein
Drope Kaffi, helst naar eg hadde denne Verken under
Bringa; — og det ser nok ut til, at den skal... faa
halda paa...» ho kava med Graaten.

— «Er du sjuk, so skal du beda Gud um Hjelp; det
er han som straffar deg for Syndine dine.»

«Eg tenkte me siulde brüka dei Raadine han hev
gjevi oss, eg,» hiksta ho.

«Beder for kvarandre og bekjender Synderne for
kvarandre, at I kunne læges, stend der.»

Men no skulde han ha det; ho var so harm, ho vyrde
ingenting —:

«Eg visste kje anna enn at eg au skulde ha eit Ord
aa seia her i Huse. Eg kom daa kje so naki til Gards.
Men» ... skræmd av sitt eigi Mod skunda ho seg aa
falle av att. «Naar der aldri skal vera Fred aa faa, so
... fær du vel truga deg fram i alt; du veit, eg er berre

59

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0061.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free