- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
60

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

eit stakkars Kvinnfolk og ... hev ingin til aa ...
forsvara meg ...» Graaten kom; — «og naar det er so ...
at du ikkje timest til aa ... unna meg so mykje ....»

«Der maa vera reint noko Djevelskap i denne Kaffien,
naar han kann vera so kjær for Kjøt og Blod. Dess
gladare skulde du ofra han, — liksom eg ofra Tobakkje.»

Han kom fram og tok Kjelen; gjekk so aat Bakdøri.

«Ja spøkjer kje dette for einkvart —!» ropa ho rædd.
Det kann koma den Dagen, daa du vert so fatig at du
lyt beda um ein Kop Kaffi for Guds Skuld!»

— «Eg og alt mitt er i Guds Hand,» sagde han, mest
skræmd. So gjekk han ut og slog Kaffien paa Dungen.

Daa han kom inn att, var ho Anna i Seng. Han
forstod nok kva det var: ho vilde paa si Kvinnfolkvis
skræme seg fram; men han fekk gange Guds veg han,
so gjekk det vel yvi. «Kor er han Gunnar?» spurde
han.

«— Eg totte du jaga han aat Kjellaren i Dag,» sukka
ho innvondt.

I det same rørde Gunnar paa seg ut i Kammerse. Han
munde ha høyrt det. Stakkaren hadde kje tort lida seg
heile Tidi sidan Far hans kom; no fekk vel han ög svide.
Ho breidde Dyna yvi seg og vilde kje høyre meir.

Men daa Gunnar fekk Ris uti Kjøken, skreik han so
jammerleg at det nytta kje korkje Dyne eller Dott. Ho
høyrde alt; og det skar i henne som med Knivar. Ho
fekk ei Skjelterid so ho vart mest rædd; krabba upp i
Sengeskaape og tok Hoffmannsdropar. Men daa Enok
kom inn, fekk ho segja han eit Ord so brennande, at det
gjorde henne godt langt inn: «du fær be’ Marta koma
inn; eg kann maatta ha Bod etter Jordmon.» —

Og Gudskjelov; ho saag at det gjekk i han Enok. —

— Men Gunnar laag i den svarte Eplekjellaren og
harma seg paa Far sin og grét.

60

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0062.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free