- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
61

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Aldri fekk han den Karjolen ferdug! Men det laut
bli ei Raad lell. Han fekk arbeide um Sundagen.

Annan-kvar Sundag var det Preike i Aasekyrkja; daa
gjekk han Far dit, og so var Gunnar fri. Det var berre
den skarve Leksa; men den fekk han heller lesa paa um
Laurdagskvelden.

Men daa næste Preike-Sundagen kom, fortalde Enok,
at han vilde slutte med Kyrkjegonga.

Han hadde ingin Vanvyrdnad for Embætte; det var
ikkje det. Og han visste at Orde var like godt for di
um det vart forkynt av eit Verdsbarn. Men Gud vilde
at han skulde vera Prest i sitt Hus. Til Kyrkja kunde
han kje faa alle med; og naar han gjekk burt, var han
rædd det gjekk ymist med Gudstenesta heime; dermed
fekk han halde seg til Husar sjølv, so at ingin av hans
skulde vante Næring for Sjæli.

Gunnar grein av Sinne; so tok Graaten han. Og han
fekk Ris, so han mest vilde kikne. Dermed var den
Voni sløkt. Og Sundagen vart den verste Dagen i
Vika.

— Men for Enok var det den sælaste.

Daa fekk han forlyste seg i Orde fraa Morgon til
Kveld, reint som svire i Orde og Naaden. Gud førde han
paa sine grønaste Beite og til dei klaaraste Kjeldur; han
fekk feite seg som Øyk i Eng og solke seg som Barn i
ein Solbakke.

Fraa Buakammerse vart det grøne Borde flutt inn; det
skulde vera aandelegt Matbord, liksom det raude Borde
var Matbord for Likamen. Leseborde vart sett millom
Vindaugo under Spegilen, so der kunde vera ljost;
Matborde maatte nedi Myrkekroken ved Døri. So stod
Enok ved Leseborde og var Prest i sitt Hus; og Andlite
smilte med sin himilske Smil, og Munnen svelgde og
smatta som i Vellyst.

61

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0063.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free