- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
62

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Aa, kor godt og trygt det var aa vera her saman
med Jesus i den søtaste Kjærleiks Umgang. So kunde
det gjerne storme der ute; og Himilen kunde gjerne
vera graa og kald. Og naar dei svarte Tréi der ute susa
og skreik um Vinter og Daude og all Tings Faafengd,
so kunde me herinne svara med Fagnadrop; kva skilde
det oss um Verdi var kald, naar me hadde Soli og Ljose
midt ibland oss?

Men i Skümingi, naar han ikkje saag lenger, sette han
seg ned og rødde um Gud. Fortalde kor godt han hadde
det no, og kor vondt han hadde havt det fyrr;
for-klaara kva Gud hadde synt han og lært han sidan sist;
tok uppatt fraa Tekstine slikt som han hadde merkt seg
iser, og gjorde Tilmaatingar av det paa deim som var
til Stades. Ho Anna kjende ofte at det var henne det
galdt; han Gunnar fekk sitt kvar Gong, han; og var
Marta til Stades, so var der eitkvart aat henne au,
mest for di at ho gjekk paa Garden um Sundagen
i Staden for aa vera inne og tene Herren.

Gunnar var reint raadlaus i Fyrstningi. Alltid laut
han sitja inne og høyre paa; men so sovna han, og daa
fekk han Ris. Sidan laut han staa ved Borde, naar Far
hans las, um han daa kunde halde seg vakin. Det hjelpte
eitgrand. Men Johan Arndt var uendeleg. Det var «syv
væsentlige Stykker, som hørte med til den sande
Kristendom», og um Gunnar stræva aldri so hardt, so klara
han seg kje lenger enn til midt uti det tridje. Endaa
stræva han ei Stund; stræva; stræva; reiv seg i Augo;
tenkte paa Rise; «men dette er Troens sande
Fundament og Grund... og ingen kan komme til Gud uden
en sand Erkjend...» Rise, Rise; «thi der er ikke
Salighed i nogen anden, ei heller er der noget Navn...»
Gunnar dubba. Dubba og skvatt uppatt; dubba... og
skvatt uppatt. Dub—ba... og sov. Aah!! — vakna av

62

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0064.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free