Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
ein Smell; det gjekk kvitt for han, Skodd; uff, der var
han Far; — Rise; han maatte vakne.
Men han fann ein Utveg tilslutt likevel. Det gjekk
betre naar han ikkje høyrde det Slag paa han Far, men
berre tenkte paa Karjolen. Korleis Karjolen skulde
vera; korleis han vilde gjera det og det; kor han skulde
faa Maaling ifraa, og kva Maaling der skulde vera paa
kvar Ting. Dette tamde han seg upp i etterkvart, so det
stundom mest vart likso gildt som han skulde havt
Karjolen for seg. Sidan fann han paa meir: bygde
Kvernhus, gjorde seg Baatar, tenkte ut ei Greide som han
skulde kunna gange paa Vatn med; tilslutt vart denne
Tankeleiken so gild at han dreiv ’n til andre Tider au,
og ikkje berre um Sundagen. Men harmelegt var det aa
sjaa, at ho Serina skulde hava det so godt; ho lurde seg
berre attum Stolen til Mor si ho, naar han Far las; og
der sat ho og blunda og sov so mykje ho vilde. —
— Enok skyna, at her vart nok Strid. Men han fekk
berre vera glad. Ein Jesu Fylgjesvein skulde hava
Strid i Verdi.
Og han skulde nok vinne; for no hadde han Hjelp.
Hjarta hennar Anna bøygdest nok naar Tidi kom, og
Borni var han heller ikkje rædd for. Dertil bar han
deim for trutt fram for Gud, og lét Anden verke paa
deim gjenom Orde seint og tidleg. Og um Gud
kann-hende vilde prøve han ei Stund, so skulde han kje tapa
Tölmode. Med Gunnar var det verst; den gamle Adam
var svært sterk i honom; men Gud vilde nok hjelpe.
Og so hadde han gjevi oss ei herleg Gaave i det mjuke,
kvasse Bjørkerise. Aa, for ei sæl Stund det skulde verte,
naar han ein Gong kunde segja med Gideon: her er eg,
Herre, og alle dei du hev gjevi meg!
Verdi vilde spotte og læ, og Folk vilde tru han var
galin; men aa bli hædd og spotta for Jesu Skuld var
63
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>