- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
64

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

det sælaste av alt. Og som Arndt sagde: di meir ein
vart hædd av Heimsens Born, di vissare kunde ein vera
um sin Kristindom. Det kom nok den Dagen, daa han
kunde læ og dei laut graate.

Den verste Striden fekk han vel med seg sjølv. Um
han fekk vera paa Tabor no, so maatte han kje tru at
det skulde vara æveleg.

Han visste kor han var veikast, og kor Sattan vilde
setja inn; Elsk til Verdi og Sorg for Næring hadde
alltid vori hans Kjælesynd. Her var det daa det galdt
aa vera paa Vakt. I sitt Hjarta hadde han sagt Verdi
fraa seg; no galdt det aa trengje ho ut or Tankar og
Hug, so ho ikkje skulde snikje seg innpaa han att.
Vaka og beda; vaka og beda; syvjast han aldri so lite,
kunde Fienden snart faa eit Tak.

Han bad til Gud um eit sterkt Ord til aa stengje
Verdi fraa seg med; og daa han ein Dag i desse Tankar
slo upp Bibelen, fall Augo hans paa det Jesu Ord:
«Sørger ikke for den Dag i Morgen.»

Det var Orde. Han lyfte Augo til Himilen og takka
Gud. Med det Orde kunde han stengje Verdi fraa seg
som med ein Koparmur.

Ikkje tenkje lenger enn han saag; liva heilt med Gud
i den Stundi han aatte; det var Tingen. So snart det
kom ein Tanke paa «sidan», ei Sut for Framtidi, ein
Draum um komande Ting, — «sørger ikke for den Dag
i Morgen!» vilde han segja til seg sjølv, og Sattans
Kunstir vilde brotne.

Han vart vaat i Augo av Glede og Takk. Kva hadde
det paa seg aa slaast med Sattan, naar Gud sjølv gav
han si fulle Rustning! For ein Rikdom av Styrke og
Kraft det laag i kvart minste Guds Ord, berre ein hadde
Andens upplatne Augo til aa sjaa med!

— Og Enok vandra i Ljose. Han slo ein Bøne-Ring

64

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0066.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free