Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
um dette «her» og «no» og livde med Gud i
Augneblinken. Daa var det som alle jordiske Tyngdir og Sutir
lyftest av. Han sat gøymd i Gud som inni ei Skjoldborg.
Alt som ikkje tydeleg var Guds Vilje vart uhuglegt.
I uklaare Tilfelle gjorde han det som baud mest imot
for Kjøt og Blod; daa kom han Guds Vilje nærast. Og
Anden vitna daa med han, at han var paa rett Veg.
Men var han veik og gjorde etter Kjøte, vart han strakst
uklaar i Samvite. Det kom som Skyir for Soli; det
kolna og myrkna i Hjarta hans. Anden arbeidde i han
all Tid, so at Samvite vart for kvar Dag gløggare.
Han las i Testamente det store Domar-Orde som skal
skilja millom vonde og gode paa hin Dagen. «Dei svoltne
gav dé Mat; dei tysste gav dé Drykk; dei framande
tok dé til dykk; og so mykje som dé hev gjort mot
desse minste Brørane mine, det gjorde dé mot meg!»
Og han snudde seg til Kona si og sagde: «Høyrer du
Anna? Han Far vil, at me aldri skal negte Fatigfolk
Mat eller Hus. For det me gjer mot deim er som me
skulde ha gjort det mot Jesus.»
Ho Anna vreid seg. «Du veit her gjeng mange,»
freista ho. «Det skal du kje syte fyri,» sagde han. «Di
fleire her kjem, di større vert Løni vaar i Himilen!» —
Ein Dag kom han med eit nytt Paafynster. «No skal
du faa eit Jesusbarn i Huse,» sagde han.
Ho saag paa han; kva tru han no meinte.
«Enkja paa Heialand,» heldt han fram, «var her og
klaga seg so av Naudi; og so laut eg lova aa taka ei
av Døtrane hennar til oss, so det kunde verte litt lettare
for henne. Eg veit det er Guds Vilje; og eg kann kje
tru at du hev noko imot det?»
Anna sukka tölmodigt og tungt. «Kor gamal er ho?»
«Ho er paa Lag tolv Aar. So ho kann verte til Hjelp
for deg au ... no, naar ho Marta fløt fraa oss.»
5 — Garborg IV.
65
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>