- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
66

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

«Ja me skal daa vel ha Gjente att ?» — ho vart uroleg.

«Kann du finna ei Gjente, som held seg til Frelsaren,
so kann du ta henne... men noko Verdsbarn vil eg kje
vita av meir.»

Anna snudde seg ifraa han.

«–Eg vil kje feste Dreng heller,» tok han frami

att og gjorde seg f jaag. «Eg veit at Gud er sterk i den
veike; og han vil nok hjelpe meg. Og kann han hjelpe
meg, so hjelper han deg au, naar du bed um det. Ho
Serina tek au til aa vitrast.»

Berre ho kunde skyna korleis det var med Vite
hans–

«Det er kje anna enn Vantru aa halde Tenarar. Det
er som me ikkje trudde Gud kunde hjelpe oss med det
Arbeide han sjølv hev lagt paa oss. Me skal berre tru.
Hadde me Tru som eit Senapskorn, so kunde me flytja
Berg, veit du.»

«Ja... naar du plent vil ha Ende paa meg, so —!
Eg er snart so lei av meg,» kom det med graatkvævt
Maal, «at det mest kann ... vera det same.»

«Du skal sjaa det gjeng betre enn du trur,» trøysta
Enok. «Han hev all Magt i Himilen og paa Jordi; det
vesle Stræve ditt er inginting for han. Gud er sterk i
dei veike; du skal berre hugsa det; — og so beda.»

Han trampa i Veg paa sine Tresko og saag blid ut.
Anna stod etter modlaus og mødd; Taarir rann, men
ho kjende det ikkje.

IX.

Skulen var ventande; og Anna gledde seg til dette.

Den Vika kvar Haust og Vaar naar Skulen var i Huse,
det var ei gild Tid. Vel fylgde det Uro med Skulen, og
ikkje so lite Stræv; men so var der og so mykje som
var huglegt. Berre aa sjaa paa alle desse friske Borni,

66

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0068.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free