Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
— mang ein tung Tanke kunde det drive burt. Dei tok
Verdi lett, dei smaae; dei hadde kje mykje Bry for den
Dagen dei ikkje saag, dei. Det kom deira Tid og; men
so hadde dei det no godt so lengi det varde. Og so
lika ho so godt aa sitja inne med Rokken og høyre paa,
naar Skulemeistaren spurde Leksune. Dei Stundine
hadde ho reint godt av. Um ho ikkje lærde so mykje
nytt, so fekk ho daa friske paa mangt som kunde vera
gløymt; og so mintest ho so godt den Tidi daa ho sjølv
var liti. Jamenn var det ofte so ho totte ho livde sin
eigin Barndom uppatt i desse Timane.
Og naar det leid til Kvelden og Skulen slutta, og
Skulemeistaren sette seg til millom Husens Folk og
rødde med deim, so kunde det vera ikkje mindre gildt.
Mykje kunde ein faa Greide paa som ein aldri hadde
visst; og um dei kom til aa skjemte og læ, so vart det
daa aldri noko Heigraskap. Dei hadde vorti so kjende
med han Tarald Aksdal, at det var mest som han skulde
høyre Huse til; og det vart Sorg baade paa store og
smaae her i Haust, daa det vart til det at han skulde
gjeva upp Skulen.
No skulde dei hava denne unge Son hans Torkjell
Tualand, han Tønes; so det kunde vel spyrjast, um det
vart fullt so gildt. Dei kjende kje denne Guten; han
hadde vaksi upp hjaa ein Farbror sin lenger sør, og dei
yisste berre at det skulde vera ein Raring. Aldri hadde
han haldi Lag med hin Ungdomen, og aldri hadde dei
fengi han til aa arbeide; han berre vilde lesa og skrive,
han; og dei sa endaa at han dikta Visur; so hadde daa
Farbror hans sendt han av paa denne nye Skulen der
sør, «Lærarskulen» dei kalla, so han kunde bli
Skule-meistar. No fekk me daa sjaa. Glup til aa skule laut
han vel vera, naar han hadde vori av og lært det; og
Heigraskap: Galningskap.
67
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>