Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
det kunde vera godt det au, helst for han Gunnar. For
det gjekk smaat med Gunnar i dei boklege Ting. Han
hadde nok Hovud, men det vanta paa Hugen.
Underleg nok høyrdest det elles ut til at Guten sjølv
gjerne vilde i Skulen no. Men dette hadde sin serskilde
Grunn, som ho Anna ein Dag fekk høyre.
Far hans hadde gjort han ei Skinnbrök; og den
skjemdest han so av, at sidan han fekk den hadde han vori
reint som rædd Folk. Mest skydde han sine fyrre
Leik-syskin, Borni hans Per der nord; men so hadde no ög
ho Litla-Olina lætt aat han au, daa ho fyrste Gongen
saag han i Skinnbrök. Tresko hadde han ög fengi, som
han ikkje var stort gladare i. No visste han, at i Skulen
fekk han gaa sundagsklædd; og dette gledde Ungen seg
so til, at han reint gløymde Uhugen til Boki.
Mor hans laut læ. «So hev daa Skinnbrøkane vori
gode for einkvart,» sa ho.
— Men noko leidt skulde det koma her med. Det
var reint som det var utgjort.
Det var nokre Dagar etter at «Jesusbarne» fraa
Heia-land var komi, — ein litin myrkleitt Gjentunge som
heitte Jorina. Dei sat kring Köla ein Kveld; Enok banda
Byttur, Anna og Marta spann, Gunnar og Serina satt
og las, og Jorina karda.
Med ein Gong spruta ho Marta i og lo. Det munde
vera so løgi det ho tenkte paa, at ho kunde kje halde
seg lenger.
«Eg kann kje anna, eg maa læ,» orsaka ho seg; og
so kom Sogo:
Ho hadde stadi utmed Brunnen i Dag, og der hadde
Jorina, Serina, Maria osfr., i det heile alle
tri-stavde Ord, vert ut-tala med tvo tunge Stavingar og ei lett
(— — w), ikkje Jorina, Maria osfr. Tonefalle for
«Anna», «Marta» osfr. er:–; ikkje — ^
68
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>