- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
69

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ho set denne halvgalne Student Olsen koma svingande.
Han gjekk med lang Frakke og Flosshatt og Stav og
var so stram og strak, at det var reint Skil paa. Men
so var det det at Vegen var full av Snø, so han kunde
kje faa svinge seg som han vilde. Han var paa
Stor-lüna si reint; gjekk med Hovude i Nakken og Nasen
uppi Lufti; men den rette Svingen kunde han kje faa
paa seg med alt det han dibba og dabba; aa, det var so
løje, at —! «Men — hi-hi! — det munde vera haalt paa
Vegen eller kva det var; hi-hi; med ein Gong rauk han
baklengjes so lang han var; Rauvi i Snøfonni og Føtane
til Vers; og Hatten til den eine Kanten og Staven til
den andre; og Olsen til aa banne so det lyste um han;
hi, hi, hi! eg lo so eg hadde mest vondt av det.»

Dei andre lo med; berre Enok sat streng og
aalvor-sam og banka paa sine Bytteband. So saag han upp;
glodde paa deim.

Det vart stilt. Kvar tok til att med sitt; ho Marta
vart raud og lét Rokken snurre.

— «Me skulde nok ikkje læ,» sagde han Enok. «Jesus
lo aldri.»

«–Ja tru det nyttar for oss aa mæla oss med

honom...» Anna hadde stogga Rokken sin og stelte
med Snella noko.

«Me skal no fygja hans Eksempel. — Og so skulde
me hugsa paa, at me skal gjera Rekneskap paa
Domedag for kvart unyttigt Ord, som me heve tala.»

Rokkane kapp-surra.

— «Det stend kje so i mi Forklaring,» vaaga ho
Jorina seg til, med Kremting og Raudning.

«Kva stend det der daa?» spurde Enok fjaagt; han
lika nok dette «Jesusbarne».

«Det stend: ’hvert utilbørligt Ord, som I have talet,’
hm»; ho var raud som ei Glo.

69

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0071.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free