Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
«Aa; hev du fengi fat paa den galne Forklaringi du
au. Ja, den skal du brenna, Jorina. Eg fær heller kjøpa
deg ei ny, naar eg kjem til Byn att.»
Anna og Marta sat og glodde.
«Kva seier du; er ho ikkje rett, den nye Forklaringi ?»
«Det er tvo nye Forklaringar; ei kann vera rett nok,
men den andre er vrang.»
«Ja men... kann dei ha Lov til aa gje ut slikt daa?»
«–Dé veit der skal koma falske Kristi og falske
Profetar i dei siste Tidine. Og dei skal vera so fine og
sløge at dei skal forføra dei utvalde au, um det var
mulegt. Denne Presten Wexels er nok slik ein falsk
Profet. Gud hev gjevi han yvi i kraftige Vildringar, at
han skal tru Lygni.»
«Det var fælt.» Rokkane tok til aa sviva att.
–«Aa ja,» sukka Enok; «det er fælt. Ein maa
berre beda Gud vara seg... og fri oss fraa det vonde.
— Ja tenk; han er komin so langt at han trur der er
Naade for deim, som er i Hel vite.»
«Nei men—! kann han vera so forblinda?» Rokkane
stana...
«Og dette hev han endaa sett inn i Forklaringi si,
so dei einfaldige skal tru det er det reine Gudsord.»
«Kann det vera Raad.»
«Ja ein skulde kje tru det.»
Det vart reint stilt i Stogo. Ho Jorina som sat lengst
bak drog seg nærare inn aat Ljose.
«Og han skal vera Prest, — totte eg du sae?» spurde
ho Marta.
«Ja Prest er han.»
«Ja men han er daa kje Prest no,» meinte Anna;
«han kann kje forretta i Kyrkja, veit eg?»
«Me fær vona det. Men han fær gje ut Bøkar, og det
er verre. Han kann forføra fleire med det.»
70
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>