- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
72

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

nytt; avstengt og fredlyst laag Huse hans som eit
Tempel; no skulde det inkje anna bli aa høyre der enn
Guds Pris og Lov.

— Og Dagane gjekk, og Enok fekk vera paa Tabor.

Ingin Ufred, inga Sut; trygg som eit Barn fekk han
liva i Naaden. Um han trøytna ein Gong, var det berre
aa søkje til Gud; i Bøni eller Orde fann han alltid ny
Kraft; og aldri svikta Frelsarhandi. Kvar han gjekk
og stod var han i Guds Fang; um han vakte eller sov,
livde eller døydde, han visste at han høyrde Herren til;
og det fanst ikkje vondt som kunde faa Magt med han.
Sjølve Syndi var han fri; han synda nok, og det kvar
Stund; men Syndi hadde kje Tak i Hjarta hans; som
Paulus sagde: det var kje han som synda; det var
Syndi som budde i han. Og alt vondt og alt ureint vart
dagleg vaska av han i Jesu Blod; han var fri og lett
som Fugl paa Kvist og kunde springe av Frygd som
David kring Arken. Verdi brydde han seg inkje um;
han kjende den som var sterkare enn Verdi. Aa store,
store, uutgrunnelege Naade, som kunde gjera ei Sjæl so
sterk og so glad, forløyse eit Menneskje som var selt
og fordømt, rette upp att alt som Syndi hadde skjemt,
binde Sattan og Dauden og alt vondt, so no var han som
Adam fyri Syndefalle, og Verdi som eit Paradis, der
Gud gjekk um millom Tre og Blom og gledde seg med
Borni sine i den solblanke Vaaren.

Ja Vaar, Vaar var det i Hjarta hans no. Det var som
etter ein lang, svart Vinter, naar Soli bryt fram og
jagar Skyir og Kjøld, tøymer Ver og Storm, tiner upp
Snø og Is, løyser alle Livsens Kimar og Spirur; so
sender ho eit linnt, søtt Regn yvi alt som laag døyvt og
daudt; med ein Gong skyt Vaaren upp med Blomar og
Lauv og fine Angar, og der kjem Glede og Liv yvi all
Verdi. So var det med honom. Alt grødde og grodde;

72

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0074.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free