Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
der var varmt og frævt og spirande der inne, fullt av
Godhug og Medhug og Kjærleiks Kraft; ikkje kjøteleg
Kjærleik, som gjorde bløytin og veik, men Kristi
Kjærleik, som gav Aalvor og Annhug. Ikkje ein Tanke kunde
han tola som var Gud imot, ikkje eit Hugsviv eller
Hugdrag som var anna enn Bøn og Lov; kvar Synd han
kjende var som saag han Orm millom Lauv; velprydt
og fagert vilde Hjarta hans vera for Brudgomen sin;
det var den einaste Umsuti han no hadde.
Og Gud var i alt. I Luft, i Jord, i Vatn, i Eld, i den
sterke Storm og den milde Vind, i Arbeid og Kvile, i
Svevn og Vaking; berre søkje han der som han var;
han var aldri langt burte. Naar Soli skein var det Auga
hans som lyste; Regn og Hagl var Hendane hans; men
Stjernune um Natti var Engleaugo, Blinking og Maning
fraa dei mangetusund som sveiv ikring Gud og venta
paa oss; og dei vakte og varde oss paa alle Vegar,
studde oss naar me stod, reiste oss naar me glatt; mang
ein Gong naar Vinden blakra um Vangane hans var
det som han kjende Veift av kvite Vengir.
Men i Stormen høyrde han Guds Røyst, og i Havbrak
og Toreslaatt og alt som lét; Guds Røyst tona, susa,
rulla gjenom Verdi i alle Ævur. Difor skalv dei
gudlause som ikkje hadde Fred; dei ræddast for Far sin,
av di dei ikkje kjende han. Det var som med han
Gunnar naar han hadde fari gali; han forstod ikkje at
Far hans vilde han vel, naar han kom med Rise. Med
ein Smil tenkte han att-ende til den Tid daa han sjølv
gjekk og var rædd; men det hadde havt sin Grunn;
den Herre Sabaots Røyst var i Sanning skræmeleg for
Uvénine hans.
So godt fekk han hava det, at han stundom laut
undrast. Hekk det rett ihop? Kunde eit Guds Barn hava
det soleis i denne Verdi?
73
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>