- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
74

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Han hadde venta paa Strid og Møde, og so fekk han
vera paa Tabor mest jamt. Alt gjekk so lett, so
forunderleg lett; Gud verka i han baade aa vilja og aa
utrette. Vart han kje haldin verdig til ei aalvorsam
Prøving? Eller kva meinte han Far, tru?

Alle Guds Mennar tala um Anfektelsar, um Strid og
høge Freistingar, um Lutring som i Eld. Og Lars
Nordbraut hadde beint fram vara han imot aa vera
«for sæl»; det kunde vera ei Sattans List, sagde han,
til aa gjera han trygg, so han skulde somne av og sidan
dess lettare lata seg yvikuve. «Det er som med desse
Tre-Plantune, han Møller paa Myre set i Glashus: dei
renn fort upp dei fyrste Aari, og alt ser gildt ut; men
dei hev vorti föse og veike av dei gode Dagane, og so
snart som han plantar deim ut, og dei fær freiste
Hauststormane og dei kalde Nætane, so folnar dei av og døyr
burt, av di dei ikkje hadde Malmen i seg.» Ho
Legde-Guri hadde meint det same. Sjølv hadde ho det reint
hardt ofte med Modløyse og tunge Tankar, men «takka
Gud meir for desse myrke Stundine enn for dei søtaste
Naadedagar; for naar Herren tukta, so visste ho at
han elska». Skulde kje Gud elske han? Det var Dagar
daa dette Spursmaale mest vart ’n til ei Pine.

Men nei. Det kunde kje vera Sattan, som gjorde han
so sæl; det var Synd aa tenkje sovori. Berre gjeva seg
i Guds Hand og lata han raade. Han Far visste kva
som bata oss best, og kva me tolde av godt og av vondt;
han vilde nok sende Tukt, naar han saag at det turvtest.

Enok fekk sjaa i det timelenge au at han tente ein
god Herre; der var Signing og Drygsel i all Ting; det
draup Feitt av alt han rørde ved. Alltid hadde han
noko aa vende. Og Gud var god mot han, so han fekk
dei høgaste Prisane jamt, ja stundom meir enn andre;
det var som sjølve Verdsborni heller vilde handle med

74

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0076.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free