Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
eit Gudsbarn enn med ein av sine eigne; dei kjende
seg vel sjølve, kunde han tru.
Paa ein annan Kant au hadde Gud velsigna han og
høyrt Bønine hans: den litle som var komin no var Gut.
Var det kje som Herren yvi-dyngde han med
Velgjerningar, ja reint lagde seg ut um aa vise, at han var
med ’n? —
— Det leid til Vaaren; ho Anna spurde korleis han
vilde klara Vaarvinna utan Dreng. «Han Far greider
det nok,» meinte Enok. Og Trui hans vart ikkje skjemd.
Enok hadde gjort Guds Vilje mot Fatigfolk so langt
det rakk: laant deim Matvarur og Fræ naar dei kom
og bad; no lønde Gud han for dette. Den eine etter den
andre kom og vilde arbeide for det dei hadde laant; og
soleis fekk han baade nok Hjelp og billeg Hjelp; for
ein slapp alltid best, naar ein ikkje turvte ut med
Pengar. Han tok nok ikkje noko av oss for Inkje, han
Far!
Til Vinnekar fekk han paa denne Maaten Torkjell
Tualand, som med sine fire og femti Aar var ein
Arbeidskar so det var svært, naar han berre vilde. Og
han vilde, naar han arbeidde hjaa Folk som hadde vori
gode med ’n. Ein Leide var det med ’n Torkjell: han
kunde kje styre Munnen sin. Mest alt reiv han ned paa,
og helst paa slikt som Gud vilde me skulde hava
Vyrdnad fyri. So naar det ikkje hadde vori for Sælebot
Skuld, so hadde han Enok heller vilja havt ein annan
Mann i sitt Arbeid.
Men Torkjell hadde fengi det trongt paa sine aldrande
Aar. Fyrr sat han paa ein av dei likaste Gardane i
Bygdi; men so kom han uppi denne Thrane-Røra og
gløymde daa burt baade Arbeid og alt; kom i Skuld,
og vart med Rettens Magt drivin fraa Garden.
Lensmann Aase skulde ha fari hardt fram mot han Torkjell
75
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>