- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
76

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

den Gongen, sagde dei; men kor som var eller ikkje
var, ut maatte han, og laut tilslutt vera glad han fekk
setja seg til paa eit Plass sør i Ramstad-Heii. No livde
han mykje av aa arbeide hjaa Folk; og so kunde kje
Enok vise han burt, naar han kom og vilde arbeide for
det Mjøle han hadde fengi.

— Men Torkjell kunde vera leid.

Det var ein Dag i Vaarvinna. Dei hadde køyrt ut
Hævd; sat no ved Borde og dugurde. Daa munde
Torkjell tykkje det vart for stilt.

«Heh!» skvatra han med sitt snøgge Maal og lagde
det lange Bukke-Andlite sitt paa Skakke og blinksa;
«eg trur du ser paa Nevane mine, Anna? — Ja ein
vert kje kvitare av aa staa i Hævdaløo! Og Sveitten
fær ein au ut. Han er kje fjelgare, Mannen din heller.»

«Me skal eta vaart Brø i vaart Ansigtes Sved,
veit du.»

«Heh! — han ét kje sitt Brø i sitt Ansigtes Sved, han
Lensmann Aase. Han sit inne og røykjer Sigar, han,
og gjøder seg med Kalvesteik og Bajas-01. Ja-ja. Han
hev kje gjort mindre Urett; han kann nok gjø seg!»

— «Ein skal kje banna sitt Folks Øverste, segjer
Paulus.»

«Ja men kva segjer Jessu Syrak: ’hvo som borttager
Næring, han dræber sin Næste, og hvo som berøver en
Daglønar si Løn, han udgyder Blod!’ — Jah, so
beintfram sa dei Sanningi i den Tidi. — Men so hev dei daa
sett Jessu Syrak i Apokryffen au for det sama.»

«Aa, det er vel kje for det?»

«Ja eg veit kje kva det er for; dei gjev kje Grunnar
for seg, som Magti hev.»

— «Du skulde no hugsa det, Torkjell, at det er Gud
som hev gjeve dei Magti, daa han innsette dei.»

«Ja-ja. Heh! Det var no den gamle Fyllefanten Amt-

76

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0078.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free