- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
77

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

mann Rickert, eller Drikkert som dei sae, som sette inn
Lensmannen paa Aase.»

«Kanskje det var til Straff. Me skulde umvenda oss
og beda til Gud, so gav han oss nok ei god Raadsmagt.»

«Aa... der er mange som bed; og etterpaa ét dei
upp Enkers Huse ...»

«Me skal vera sanne Kristne, meiner eg.»

«Ja kven er det? Det er vel dei som liver etter Jessu
Ord; men kva sa Jessus? ’Tag alt ditt Gods og gjev
det til dei Fattige,’ sa han! Og eg ser kje at dei gjer
det, — korkje Presten eller Lars Nordbraut.»

Enok vart tagall.

«Ja men daa vart me fatige alle,» sagde ho Anna,
«og so vart det ingin til aa hjelpa dei som leid Naud.»

«Eg trur kje det vart nokor Naud, naar me stelte oss
rett. Faa burt all Embættsslarken og alle Prestemagane
og all Militærdingelen, so vert det misæl Mat til oss
alle ihop. Heh! — rart, um Vaarherre skulde ha skapt
fleire enn han kunde føda!»

Det var Uraad aa binne Munnen paa han Torkjell;
Enok tagde reint av. —

— Det vart ein kald Vaar, og Folk jamra so smaatt;
denne Nordvesten som laag og gnog all Tidi, den sette
baade Eng og Aaker tilbake.

Enok forstod at Gud vilde prøve Tölmode hans, og
han fann ei Glede i dette. Kannhende skulde Tukti
koma no? — «Takk, Herre, for alt! Um du signar eller
refser, — so er du dog mit Hjertes Klippe og min Del
evindeleg!»

Men Ordi hans Torkjell Tualand kom for han stundom,
og pinte han. Det var sant; det var Jessu Ord. Enn
mn han tok endaa eit Fatigbarn i Huse? Det gjekk so
godt med henne Jorina, at han kunde sjaa det var Guds
Vilje.

77

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0079.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free