- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
78

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— Han kom heim ein Dag med ein lang raudhærd
Gut, ein med Hovudskurv; han heitte Lukas. Anna tok
imot han med ein Sukk; det fekk gange so lengi det
kunde. Og Enok totte strakst han fekk Fred i Hjarta sitt.

Lukas heldt ut til Hausten. Han hadde berre eitt
Lyte; men det var stort: han var matvand. Og Enok
vilde kje brigde paa Husskikken sin for hans Skuld. So
fall dei ut: Ein Dag daa Enok vilde brüka Magt: anten
skulde Lukas eta salt Makrel, eller han fekk gange
matlaus til Kvelds! — reiste Lukas seg fraa Borde og
klædde paa seg og takka for seg. Enok harma seg
yvi dette.

Fjortan Dagar etter hadde han eit nytt Jesusbarn.
Det var ein tjukk bleik Slaap som heitte Haavar; han
var Son av ein Farre som budde i eit Jordhus nedi
Heialandsmyri ein Stad; Hove maatte for honom vera
som Himilrike mot ein Potetkjellar.

Og matvand var han ikkje. Han aat alt det han fekk
og vel det. Men naar han ikkje aat, so sov han. Og ein
Dag utpaa Vinteren kom Anna etter at han stal.

Ho hadde lagt Merke til, at det kom burt meir i
Mat-bui enn Gunnar aaleine kunde ha greidt; ho fekk daa
Mistankar, og kom paa Resten yvi han Haavar der ute.
So gjekk ho til Enok med ein Gong. Og denne hadde
vorti so leid av Letingen no, at Haavar maatte fraa
Huse med same.

Etter dette gjekk Enok med Hugverk ei Stund og
visste kje kva han skulde tenkje. Selja alt sitt og gjeva
det til dei fatige–

— Tilslutt forstod han kva det var. Han hadde havt
Gud imot seg denne Gongen, av di han hadde teki seg
fram sjølv og ikkje venta paa Herrens Time. No skulde
han vera tolmodig; ikkje taka nokon i Huse fyrr han
fekk ein sendande fraa Gud. Men Huse skulde staa opi

78

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0080.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free