- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
79

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

for kvar som kom og bad; daa vilde kje Gud krevja
meir av han. Det kunde daa kje vera Meiningi at han
skulde selja Garden og gange paa Fantestig sjølv...
Han vilde spyrja Presten ein Gong um dette Orde, som
han fyrr aldri hadde komi til aa tenkje paa.

— Endelaus vart denne Vinteren ög. Det som hjelpte
henne Anna var, at ho hadde so mykje aa gjera fraa
Morgon til Kveld; ho fekk kje Stundir til aa tenkje.

Det var kje nok med det vanlege Husstelle; det andre
han drog innyvi henne vart verre enn alt. Ho stod
mang ein Gong mest uppraadd.

Huse hadde etterkvart vorti eit reint Fantebøle. Det
hadde spurst etter Vegane, at Enok heldt opi Hus for
kven som hels, og so kom dei herre i Flokkar.
Bvgde-fant og Langfant, alt det Vrak og Herk som etter
Vegane rak, her skulde dei inn; det var Dagar ho lite
fekk anna gjera enn gange og stulle for Fanten.

Verst var det med deim som skulde hava Hus. Skitne
og fæle kom dei og fulle av Uty; leggje deim i Seng
var kje tenkjande paa, og i Løda var det kje heller
hug-legt aa ha deim; so laut ho reide upp paa Golve aat
deim, inne i Stogo. Uhuglegt var det, og stundom
heilt-upp fælslegt, aa hava ein Flokk lange Fantar liggjande
burtetter Golve; ingin visste kva slike kunde finne paa.
So var det um Morgonen aa gjera reint etter deim; det
var ög fysi Arbeid. Ho tenkte tidt med seg sjølv, at
skulde han Enok hava alt dette paa seg, so vart han
visst ikkje fullt so snar til aa segja ja til kven som
helst. Men snakke til honom kunde lite nytte.

Han totte dette gjekk godt, han. «Sjaa no, um det
ikkje greider seg aa vera gjentelaus!» sagde han ein
Dag; «berre me liver etter Guds Ord og stend tidleg
upp —.» Daa visste ho kje anten ho skulde læ eller
graate.

79

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0081.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free