- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
80

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Det som hjelpte so vidt at Huse ikkje gjekk reint yvi
av Fant, det var at Enok heldt Styr paa deim, so dei
ikkje fekk fara aat som dei vilde. Det spurdest etter
Vegane, at ein maatte høyre paa Bønir hjaa han Enok,
og staa tidleg upp; og dette lika kje Fanten. Det vart
daa meir nokre visse som kom til aa halde seg her, og
det helst sovorne som vilde høyre til likaste Slage. Av
dei rette Fantane var det berre ein som heldt ut til jamt
med Fylgje sitt paa Hove. Det var han Fante-Tomas.

XI.

Det var den fyrste fullfine Dagen dei hadde havt; men
so var det au ein Dag so det var kje Raad aa vera inne.

Linn og blaa kvevlde Himilen seg yvi Jordi som ein
ljos Draum. Det fløymde med Sol gjenom den vide
Verdi og straala og tindra paa alle Leite; mjuk, salt
Havluft fraa Vest mengde seg med lett, frisk Fjell-Luft
fraa Aust; alle tusund Angar av Sevje og Saft og frisk
Gjødsle blanda seg inn; det var so sælt og godt aa draga
Ande. Og Lufti smøygde seg um Lémine som eit svalt
Bad. Fraa solvarme Bakkar og bleike Engir steig Lerka
tirlande mot Høgd og Sol og fyllte Blaakvelven med Jubel
og Klang som av Sylvklokkur.

Frametter Steingjerde og Vegkantar og i Solbakkane
tok det til aa grønke med friske Straa og gulne og gløde
med nyfødd Hesteblom og Tiriltunge. Smørblid
Vats-blom lyste i Myrhol og Bekkjefar; ungt Lauv spratt og
sprang ut og hengde sitt lette Flor um livnande Lundar.
Pors og Vier og frisk Lyng tippa og toppa i Myr og
Mark med heit, biter Krydderdaam. Men rundt ikring
leika Fuglen. Fugl i Par og Fugl i Flokk, graa Fugl og
brun Fugl, gul og spettutt og kvit Fugl, hoppande glad,
yrjande kvik; og dei nebbast og slost og skvatra og lo,

80

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0082.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free