- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
91

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

for seg, naar dei tok til aa javle paa sitt rette Fantemaal,
det visste vel Hinmannen; eitkvart stygt laut det vera.

Tomas hadde bukta og krøkt seg so lengi og sløgt, at
han var komin til den store Aspekti um Uppstöda.

«— Og no vil eg gje Dykk ein Spurna, Enok, um De
ikkje vil ta meg det ille upp. Det er ein forunderleg og
djup Ting, som eg ofte hev tenkt paa.

«Det stend i Orde paa mange Stadir, at me skal staa
upp or Gravine paa den ytste Dagen slik som me no
stend og gjeng, i alle Delar og Maatar og med kvar Léd
og Lém. Det er noko me ikkje kann koma ifraa, det,
min kjære og gudsfrygtige Mann Enok.

Men so seier Jesus tydeleg paa ein annan Stad, at i
Uppstandelsen skal me kje gjeva til Ægte eller taka til
Ægte; men me skal alle vera som Brørar og Systrar.
No kjem Funderinga. Me skal ha alle vaare Lémir i
Uppstandelsen; men skal me og ha dei ægteskapelege
Lémir, naar me etter Jesu eigne Ord ikkje skal gifta
oss? Kann De greida meg den Floken, Enok?»

Han sputta og saag listig ut. Fantane i Omnskroken
hadde Stræv med aa halde seg aalvorsame.

«Den Floken greider Vaarherre,» meinte Enok stutt.
«Men du, som vil vera so kjend i Bibelen, du skulde heller
tenkja paa eit anna Ord: at den som ikkje vil arbeida,
skal heller ikkje æde.»

Her rende Enok seg fast. Tomas kunde med Sanning
segja, og alle dei andre Fantane song upp med honom,
at nett no kom han fraa sitt ærlege Blekksmed-Arbeid.
Og fyrr Tomas visste av det, hadde han her funni ein so
god Beinveg for Maalemne sitt, at han kunde lata dei
andre Aspektine liggje so lengi.

«Me arbeider nok, me og, i all Yymygheit og
Simpel-heit,» sa han, «og vilde gjerne arbeida meir, um gode
Folk kunde bruka oss til det. Men no, min snilde og

91

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0093.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free