Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
høgvyrdslege Enok, vilde eg fyrst av alt faa beda for
ein liten Son, eg hev ...»
Med mange søte Ord og i utruleg vridne og vrange
Bugtir og Krokar fekk han tilslutt fram det han vilde
um Carolus Magnus, «som ikkje hadde Hovud for den
høge Lærdomen, Pr esten hadde etla aat han,» og som
«i si Ydmygheit aldri hadde sigta so høgt heller»; men
som «bad kvar Kveld paa sine berre Kne, at det maatte
forlenast han aa koma til ein god og høgverdig Guds
Mann som han Enok Hove,» so han kunde faa «læra aa
arbeida paa Jordi og tena sitt Brø i sitt Ansiktes Sved
etter Guds Ord og Bod i fyrste Mosebok det andre
Kapitel.»
No song Gunhild upp. Og det regnde med Kyt og
hagla med Ros, so yvi Enok og so yvi Guten; og Mæle
steig og vart heitare og heitare, og Kyte steig og vart
meir og meir grovt...
Enok høyrde kje etter lenger. Han sat og leita etter
eit Gudsord eller eit anna sterkt Spraak som han kunde
døyve deim med og so gange sin Veg; men med ein
Gong kjende han Anden vitne i sitt Hjarta.
Her var Jesusbarne. Dette var det Offere som Gud
kravde av han. Nettupp dette, det verste han kunde
tenkje, det aira suraste og sværaste for Kjøt og Blod,
nett det var det han Far kravde.
Han reiste seg fraa Borde. Daa han fekk Ord for seg
sagde han fast og stutt: «Gud vil, at eg skal hjelpa
denne Guten. Men kjem han hit, so fær han fylgja
Husens Skikk og venja seg til Orden og Arbeid; nokon
Letingskap vil eg kje vita av, og ikkje andre
Fante-Notur heller. Vil han paa dei Vilkaari, so send han hit.
So fær me sjaa kor langt Gud vil hjelpe oss.»
Han skunda seg ut; Fantane tok til aa yvihylja han
med Takking og Smeikjing.
92
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>