- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
95

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

og Enok kjende seg reint styrkt av den nye Gjerningi
som var ’n paalagd. —

— At Gud var med no, viste seg snart. Carolus var
so lydig og snild at det var reint hüglegt; han kunde
heiltupp vera eit Mynster for denne stakkars Gunnar’en,
som daa og jamt og samt fekk høyre det. «Spegla deg i
han Carolus, du!» maatte Enok altfor ofte segja til han.

Det var rart med han Gunnar. Han som hadde vori
so kvik og snild fyrr, — var det kje som han hadde
vorti umskapt paa desse tvo Vintrane. Motstand og
Rangvilje i smaatt som i stort, Uhug og Mothug, ja
mest som Hat; og so tver og trumpen gjekk han der,
at det var mest ikkje Svar aa faa, um ein tala til han.
Den som kunde skyna slikt! Det var vel Djevelen i
Guten som reiste seg no, daa Gud kom so nære; det var
som med Djevlane i Evangelie, det; dei rasa alltid verst,
naar Jesus stod framfor deim.

Carolus var anna til Kar. Alt gjekk viljugt og lett;
og so kvik og snild var han i sine Svar, at det var reint
ei Glede aa røde med han. Og han kom med Spursmaal
sjølv au; ja han kunde tala um aandelege Ting, so Enok
stundom laut tenkje paa Jesus i Temple. Det var vel so,
at Fante-Arti ofte stakk fram; men han hadde daa
vori so mykje hjaa Folk, at han var fri det verste.

Noko Arbeidslag var der kje enno; han lika best aa
gjæte eller gaa Ærend og anna slikt smaatt. Men so
var det daa nett Arbeid og Arbeidshug han vilde lære
her. Og naar Viljen var til det og Gud var med, so
skulde det nok gange. Enok bad um Visdom og Tolmod
til aa fullføre dette vandesame Verke, so at alt som var
att i Guten av Fantehaatt og Slarvehug, det kunde verte
utreinska og utbrent.

Han torde kje vera streng mot Carolus fraa fyrsto.
Det galdt aa lempe seg fram med smaae Stig. Tok ein

95.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0097.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free