- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
101

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Luth og bera Silkeslæpe aat Dronningi; men det maa
der vera 500 Slavar til; for Slæpe er so langt som
her-ifraa til Ramstad.»

«Aa—!»

«Og kvar Slave hev eit Slavekvende, som er ungt og
vent som den venaste Rosa og skin som Soli og hev
Augo som Stjernur; for berre dei som er so fagre som
Prinsessur fær vera i slikt eit Slott. Og dei syng vene
Songar og dansar og spélar paa Luth og Sitterspél; og
um Natti svarmar dei um i dei store Hagane under høge
Palmetre og Sedrar fraa Libanon kvar med sin Vén,
og elskar kvarandre og kyssest. Men naar dei hev
svarma lengi nok, gjeng dei inn i Slotte og legg seg paa
mjuke Silkesengir og søv hjaa kvarandre, til Hadonald
Raskji stend upp og ringjer paa den store Klokka som
vert høyrd yvi heile Arabia.»

«Det vilde eg kje vera med paa,» knurra Gunnar; han
lika kje sovori.

«Nei du kann vita ein er kje nøydd til!»

«Skal me fara dit?» spurde Gunnar.

«Ja dit skal me eingong; men det er langt. Daa maa
me fyrst yvi Sjøen; og so upp Rinflodi mange hundra
Mil; so kjem me til Flandern og Burgundia, og so til
den romerske Keisaren; og so maa me gjenom
Pave-døme, og so gjenom Tyrkelande.»

«Der dei ét Mannakjøt?»

«Ja; men me skal gje os ut for Pilegrimar som gjeng
til den heilage Gravi; daa rører dei oss ikkje.»

«Hu; eg vert visst rædd.»

«Nei du tarv kje vera rædd; for dei hev daa so mykje
Samvit i seg, at dei drep kje anna enn Riddarar og
Krigsmennar.»

Carolus spadde litegrand; men han var so burtkomin
i Draumane sine, at det vart kje stort av det.

101

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0103.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free