Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
–- «Kunde me kje ryma?» spurde Gunnar.
«Jau; ei myrk Natt, naar alle søv og ingen veit um
det, daa stend me upp og tek med oss det me treng,
Klæde og Mat og Gull og Sylv, og rymer Heiane nedyvi
til Sjøen.»
Med ein Gong fekk Carolus det annvint og gav seg
til aa spada so Moldi flaug. «Far din kjem,» kviskra
han; «driv paa —»
«Ja men kven var det,» heldt han fram svært høgt,
«som livde i firti Dagar og firti Nætar og ikkje fekk
Mat ? kann du seg ja meg det daa ?–Aah; der kjem
han Far!» ropa han forundra med sit gladaste Mæle.
«Ja De maa kje bli vond, Far,» heldt han fram; «men
eg kom til aa bespyrja meg med han Gunnar i
Bibelhistoria, og det vart so gildt at me gløymde–»
«Eg fær hjelpa dykk,» sa Enok stutt. «Alt til si Tid,
Carolus!» —
— Det hadde vorti likare for han Gunnar i fleire
Maatar no; Carolus var so glup til aa stelle seg med
han Far, at dei mest alltid fekk det som dei vilde. Det
vart gjerne so, at Gunnar og Carolus fekk vera saman
paa huglegare Arbeid, og at Maaking og anna slikt
leidt vart lempa yvi paa henne Jorina.
Og um Arbeide i seg sjølv ikkje var gildt, som naar
dei laut røyte Skind eller staa i Barkekjere, so gjekk
det alltid noko-so-nær, naar Carolus var med; for han
fortalde Sogur eller fann paa Drøs, so Tidi gjekk
snøggare enn Von var. Det vart Gunnar som laut gjera det
meste Arbeide; men det brydde han seg mindre um.
Anna saag snart, at Gunnar hadde fengi
Hjelpesmann i Matbui; tilslutt laut ho læse ned det meste.
Serleg Smøre laut ho gøyme, so det berre var att
litegrand aat dei tvo; daa hjelpte dei seg med det, og
Stul-dine synte kje so mykje. Undrast Enok stundom paa
102
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>