- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
103

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

at det vart lite Smør i Aar, so skulda ho paa Høye; det
vart so utvaska og armt i slike regnfulle Sümrar, sa
ho. Enok riste paa Hovude; det var kje Høye som
gjorde det, men Guds Signing; her var vel kje nokon
som... var for lang paa Fingrane no ? — «Nei eg trur
slettikkje det; eg hev havt Auga med baade Carolus
og Jorina; men dei er visst trugne nok paa den Maaten.»
Anna var raud. «Ja Gudskjelov for det,» sagde Enok. —

— Ymse Slag Forteljarløn laut Gunnar ut med;
Carolus fekk han til aa gjeva seg «Foræringar», eller
bytte til seg Eignalutir for Vas og Inginting. Soleis
bytte Gunnar burt Kniven sin for eit fint Penneskaft
og eit Papper med Jomfru Maria paa; det trega han
hardt sidan. Men verre var det, daa han kom til aa
gjeva Carolus ein av dei gamle Gullringane hennar Mor,
ein av deim som laag i Skatolklaffen. Daa vart han
rædd. Han kom graatande til Carolus og bad um aa
faa Ringen att; for elles maatte han segja det. Carolus
lo. «Du kann vita det var berre mitt Narri dette,» sa
han; «e g vil visst ikkje ha noko av deg, som du ikkje
kann gje meg med god Hug»; og Gunnar fekk Ringen.
Etter dette trudde han Carolus svært godt. Dei var uti
Skatole og saag paa den gamle Stasen ofte; slike Ting
var so vene, totte Carolus.

Men full Vénskap vart det kje millom Gutane, fyrr
dei hadde røynt kvarandre i eit Aalvors Tak.

Gunnar aatte ein Ting som han gøymde for Carolus;
det var ein liten Pung med Skjelingar i. Heile 12%
Skjeling var der i Pungen; og Gunnar var rædd, at
fekk Carolus sjaa dette, vilde han faa Hug paa Skatten
hans. So gøymde han Pungen i Ledikken i den blaae
Kista hennar Mor uti Buakammerse.

Men dermed gløymde han Pungen.

So var det ein Sundag Ettermiddag, Carolus og han

103

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0105.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free