- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / IV. Fred /
104

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

kom der ut som Kista stod. «Kva er der i den Kista?»
spurde Carolus. «Det er berre Klæde i den,» sa Gunnar
og lét upp; hugsa paa inginting. Carolus til paa sin
Maate og rote og grava; daa Gunnar hugsa seg, var det
alt for seint; Carolus hadde funni Pungen.

«Kva er det ? ein Pung... med Skjelingar i; er det
din?» — Gunnar freista aa faa Pungen ifraa han. «Ja;
eg hev fengi dei av han Trond Maalar og skal ha dei
til aa kjøpa meg Luve for...» — «Ikkje vær rædd; eg
tek dei kje fraa deg!» lo Carolus. «Ein—tro—tri...
tolv, halv trettande Skjeling; ha, ha; trur du du fær
Luve for det? — Aa nei, Far. Men Mor mi skal skaffa
deg Luve; ei flunkande ny og fin ei, med Gullsnor paa
og Fjør i; ei som ho skal faa heim alt ifraa Sverig, ser
du; skal eg gje henne dei Pengane? so fær du Luva til
Vaaren, du!» — Enden vart, at Carolus fekk Pungen.

Men so kom det ein Mann ein Dag og skulde hava
Pengar av han Far. Og det viste seg at der vart 8
Skjeling for lite. Daa segjer ho Anna: «kann kje du
Gunnar laana Far din av dei Skjelingane dine so lengje ?»

Gunnar kolna der han sat. Carolus var ute, og
Gunnar hadde ingin Draum um kor Pungen var. «Ja det er
sant,» sagde Enok. «Pungen er uti Ledikken i den blaae
Kista mi,» sagde ho Anna; Enok gjekk ut og skulde
finne ’n.

Stogo tok til aa svive for han Gunnar; han skyna
kva Veg det no bar. Den store Tyngdi lagde seg for
Bringa hans, og han fekk Hug til aa graate. Far hans
kom inn: «de fær finna Pungen de, som veit kor han
er,» sagde han. Ho Anna sat og gav Vesle-Paulus Bryst,
so ho kunde kje gaa; «men du veit daa kor Pungen er,
du Gunnar?» — «Ja fort no, Gunnar,» sagde Enok.

Gunnar hadde rekna ut, at laug han so fekk han Ris;
men sagde han sant fekk han likso vel Ris; og dess-

104

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:56 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/4-1944/0106.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free